GiDDalaUShet kalla eg tilstanden min akkurat no! Og ordet oppdatering har vore svært lite brukt i mi verd..Men no har kome eit steg lenger, innsett fakta og tatt tak i det:)
Så..i 2 1/2 månad har eg då altså vore i Burma og Thailand, og har hatt nokre opplevelsesrike dagar i ei heilt anna verd. Spennande og utfordrande!:) Vi lever godt - det er konklusjonen!! Her er nokre bilde frå turen...Kanskje du blir frista til å reise?!:)

Teamet mitt:)

Eg fekk prøve meg på matlaging..litt utan om det vanlege, MEN veldig kjekt!

Når vi kom på barneheimane song dei som oftast for oss..kjempeflinke:) åsso pynta dei seg..dvs den gule sminken i ansiktet!:)

<3

Ballongar frå Norge, barn frå Burma på ein barneheim..= Alle har det kjekt:D hehe..

Vi hadde 3 dagar ferie i Hua Hin..Men det vart berre ein dag på stranda. Vi ville bli brune utan å bruke for mykje solkrem..fungera ikkje heilt i praksis, så vi tre enda opp med veldig sår hud og eit slag blemmer etter kvart:/ NO har eg lært i alle fall:)
Synnøve og meg i bilen..+ to av dei vi levde tett med i Thailand:) utruleg kjekt å kunne bli kjent med menneske der på tross av kultur, språk og alt:D

På sykkeltur i ein nasjonalpark med ei burmesisk jente:) ho skulle få praktisere engelsken sin mens eg skulle få lære meir om Burma og sjå nye ting! Lærerikt!:)

Søte små i Thailand..maaange ungar som var ville etter oppmerksomhet:)
Elles så har eg no vore heime i ca ein månad og kome tilbake til min kjære (?) sommarjobb!
Feira påske i snøen:)


Har òg vore ein tur i Bergen..var på Catch the fire! Utruleg bra stemne, lever lenge på det:) Gud er god!
Så, korleis har du det?:)